Høgnorsk

Denne netstaden skal handla um ulika greidor eg tenkjer på rundt høgnorsk

Kva er eigentleg høgnorsk?

Det fyrste det kann vera greidt å uppklåra er kva høgnorsk er for noko. Og det er i grunnem ganske lett, av di ein kann sjå det ut i frå sjølve orde i seg sjølv. Me kunna sjå at det er ein type norsk, men det meir forvitnelega er den fyrste leden, høg. Og av dessa kunna me lesa mykje. Fyrst og fremst tyder det høg IQ, av di det er ei form for norsk med høg IQ jamført med andre former for norsk, og for folk som hava høg IQ. Men dette er ikkje den einaste tydingi me kunna sjå. Det er au ei høgverdig måte å skriva på, og her sjå me at høg kjem att. Kann henda au høgvyrd, men det orde skynar eg ikkje godt nog til å vita um høver.

Me hava altso no greidt ut um kva høgnorsk er for noko, so då ero alle klåre til å ganga meir i djupnenne.

Høgnorsk tarv klammeformer!

Dei fleste høgnorskfolk vilja segja at klammeformer ikkje er naudsynt i ei uoffisiell norm der formena ikkje kunna styra korleis folk skriva i statem og kva skulelevar få skriva og liknande. Der er eg heilt usamd. Klammeformer hava ein normerande verknad jamvel for folk som ikkje ero bundne til rettskrivingenne fastsett av statem. Då nynorsk framleis hadde klammeformer vart hovudformena seta på som betre og meir nøytrala en klammeformena, men dei våro framleis noko som folk som vilde kunde nytta.

Med klammeformer kunna me halda på ei fòst og stròm norm der rikdomen i normenne framleis kjem fram. Folk kunna nytta former dei lika godt, samstundes med at me få vegleiding til kva ein bør rekna som det mest nøytrala, og me kunna halda attende former som lett kunna taka yver men som ero mindre samlande, eller som kunna brjota ned bygnaden og mynstere i måle. Då bør hovudformena vera dei tilrådda i viktigare tekst, til dømes i lærebøker eller andre stader der måle bør vera nøytralt, medan folk få nytta klammeformena der dei vilja elles.

Klammeformena mina

Dei aller fleste som skriva høgnorsk vil nog segja at alt som kjem her er heilt gale, dei vilja nog vera heilt usamde. Men i dessa lutem skal eg taka fyre meg kva former eg tenkjer meg kunde vera tekna inn som klammeformer.

Vulgæra former i høgnorsk

Me vita alle at høgnorsk er langt mindre vulgært en notidsnynorsk og serleg dansknorsk/bokmøl. Men høgnorsk hev au nokre vulgæra former. Og ein kann no dryfta kor vulgært ein vil at høgnorsk skal vera. Her er nokre punkt:

Orsaka rote som kjem under dette, vil ikkje taka det burt enno av di eg enno ikkje kann alle kodane

This is a paragraph! Here's how you make a link: Neocities.

Here's how you can make bold and italic text.

Here's how you can add an image:

Here's how to make a list:

To learn more HTML/CSS, check out these tutorials!